Kan du redusere kalvetapet?
I mange besetningar er det ein del å hente på gode rutinar for å skjønne når kua skal kalve og ta hånd om kalven. Legg ned litt jobb like før og under sjølve kalvinga. Det har du att for seinare i kalveperioden, særleg med tanke på sjukdom og død.
Fyrst, har du båsfjøs så reknar eg med at du veit kalving på bås ikkje skal skje lenger. Har du lausdrift så skal au kalving skje på kalvingsbinge. Ein ganske sikker veg for kalven til å dø tidleg, eller i beste fall berre bli sjuk, er å bli født i lausdrifta. Legg til rette for stressfri kalving for kyrne dine. Dette er særleg viktig for kvigene. Få ku/kvige på binge til kalvinga startar så dei får fred for «hjelpsamme venninner».
Drektigheitstid
60 |
70 |
80 |
90 |
0 |
110 |
120 |
130 |
140 |
|||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Drektighetslengde far til kalv 138 |
Lang |
Kort |
|||||||||
Drektighetslengde far til ku 93 |
Lang |
Kort |
Når kan ein forvente at kua kalvar, anna enn om lag 280 dagar etter inseminering? Sjekk tekstboksen til høgre på teikn for nær foreståande kalving. NRF-oksane har indeks for drektigheitslengd i oksekatalogen og for kvar 10 poeng auke kan ein rekne med 1,2 dagar i gjennomsnitt kortare drektigheitslengd for eigenskapen «far til kalv». Det betyr at okse med indeks på 140 gjev i gjennomsnitt 5 dagar kortare drektigheitslengd. Om oksen er brukt på kvige kan du rekne med ytterlegare 2 dagar kortare. For drektigheitslengd «far til ku» er det 0,4 dagar reduksjon for kvar 10 poeng auke i indeksen.
Okse 12316 Nergarden -P har høgast indeks på drektigheitslengde av oksar brukt hauste 2023. Kan forvente kalving omtrent 5 dagar før tida på 280 dagar.
Størst risiko under og første tida etter kalving
Mykje av kalvetapet skjer under kalving, like etter kalving, og dei første dagane i kalven sitt liv. Det er viktig å unngå kalvingsvanskar på kviger og kjøttfe bør generelt frårådast. Unntak er enkelte angusoksar anbefalt i oksekatalogen på godt utvikla kviger, sjå artikkel i Buskap 1 2024 om innkryssing av andre raser på NRF-kviger og kalvingsvanskar (sjå buskap.no->søk: Kalvingsvansker hos NRF-kviger bedekt med kjøttfe).
Teikn på nær foreståande kalving
Drektigheitslengd 278 dagar i snitt NRF (se side 20 for justerte drektighetstider for NRF): Temperatur, årstid, kjønn, tvilling, farrase, laktasjonsnr. (kviger ca. 2 dagar kortare)
Jurfylling av råmjølk: 7-14 dagar
Større fødselsåpning: 1-4 dagar
Slappe sener rundt halen: 12-24 timar
Temperatur ned 0,5-1°C, men rektaltemperatur mellom kyr kan au variere
Slim kjønnsåpning: 1 dag og litt meir før, «propp» nær kalving
Høg hale: ca. 4 timar
Matlyst mindre siste dag og «gjemmer» seg
Spente, fylte «fluffy» spener nær kalving og eventuelt lekkasje
Figur: 5. Navleinfeksjon, leddinfeksjon, diaré og luftvegsinfeksajonar
Generelt ved sjukdom
Generelle teikn på sjukdom hjå kalv: Slapp, vil ikkje drikke eller drikker seint og lite – tiltak må iverksettast!
Navleinfeksjon
Teikn: øm navle, forstørra navle, og eventuelt opptrukken buk
Spraye streng raskt
Spraye dagen etter fødsel au
Leddinfeksjon
Teikn: halt eller stiv kalv med eventuell hevelse iledd
Viktig med tørt og mjukt underlag
Diaré
Teikn: laus avføring, tilgrisa rundt endetarm og hale
Hygiene mjølkeutstyr og oppbevaring av mjølk
Kalven må få mjølk + elektrolyttblanding
Skal ikkje vera dagelegdags
Luftvegsinfeksjon
Teikn: hoste, rask pust, slapp
Hatt diaré fyrst?
I figur 2 og 3 ser ein fordeling på kjønn og fylke for 2023 når det gjeld tidleg kalvedød og er delt inn i daufødte og kreperte kalvar. Det er noko spredning på fylkesnivå og det skulle vera muleg å redusere andel daufødte og kreperte kalvar i enkelte deler av landet.
På besetningsnivå er det stor variasjon på totalt kalvetap innanfor 180 dagar. Om lag 1 250 besetningar hadde ikkje tap av kalv i 2023, og i mange besetningar er tapet lågt. Men vi har au urovekkande høge tal for om lag 370 besetningar med kalvetap > 20 prosent. Gjennomsnittet for landet er på om lag 8 prosent.
Råmjølk og sjukdom
Beskrivelse |
Verdi |
---|---|
Antall kasta/aborterte kalver |
0 |
Antall dødfødte kalver |
3 |
Antall døde kalver (kreperte/selvdøde) |
10 |
Antall avliva kalver |
0 |
Antall behandlinger kalv |
40 |
Indikator-bidrag kasta/aborterte og dødfødte kalver |
0,3 |
Indikator-bidrag døde og avliva kalver |
-3,0 |
Indikator-bidrag behandla kalver |
-3,0 |
Kalvehelse (kalv under 180 dager) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Data fra Kukontrollen siste 12 måneder | |||||||
Kalvens mor |
Kalvens kjønn |
Helsehendelser |
Antall tilfeller |
||||
Fødte kalver |
Antall |
1.kalvsku |
Eldre ku |
Okse |
Kvige |
||
Født i alt |
74 |
23 |
51 |
32 |
42 |
Luftinfeksjon / hoste |
8 |
Dødfødt* |
3 |
3 |
0 |
2 |
1 |
Diaré |
29 |
Krepert** |
0 |
0 |
0 |
0 |
0 |
Leddinfeksjon |
0 |
Sjøldau/avliva |
18 |
7 |
11 |
6 |
12 |
Navleinfeksjon |
2 |
Registrerte avhorninger |
25 |
Kollete kalver |
0 |
* Kalven er dau ved fødsel, eller kreperer i løpet av de første 24 timer
** Kalven er levende født og kreperer mer enn 24 timer etter fødsel, men før kuas første mjølkeveiing etter kalvinga
Så kjem ein ikkje unna råmjølksmaset denne gongen heller. Viser til artikkel Buskap 1, 2024 «Den livsviktige råmjølka» for meir detaljer om råmjølk (sjå buskap.no -> søk: Den livsviktige råmjølka). Generelt gjeld det å få i kalven råmjølk så raskt som muleg etter fødsel. Om du har tilfelle av navleinfeksjon og leddinfeksjon i besetninga di, så er det dessverre teikn på for lite råmjølk eller for dårleg kvalitet attåt miljøfaktorar ellers. Navle og/eller leddinfeksjon oppstår forholdsvis raskt, ratt innan ei vekes alder. Tidleg diaré er au sett i samanheng med råmjølktilførsel, og ofte etter diaré kjem luftvegsinfeksjon på same kalven. Har du problem med sjukdom på kalvane, så fokuser på råmjølk og spraying av navlestreng like etter kalving og miljøet elles, samt god mjølkefôring dei fyrste vekene. Igjen, navlen er ein viktig inngangsport for bakteriar og vidare spreiing til blant anna ledd. Det er betre å ringe dyrlegen ein gong for mykje enn ein gong for lite. Tidleg behandling kan betre sjukdomsforløpet for mang ein kalv! Til dømes ikkje vent med ein kalv du mistenker leddinfeksjon hjå, for ratt er leddet blitt hardt skadd og det kan ende med avliving i staden for full rekonvalesens.
Statistikk sjukdomsbehandling
Det er mest behandling mot luftvegsinfeksjon, deretter mage/tarmbetennelse, leddsjukdom og navleinfeksjon, sjå figur 4.
Sjukdom og død i di besetning
Undrer du på korleis det har gått med eigne kalvar siste året, så sjekk Dyrevelferdsindikatoren og/eller Helseattest Buskap på medlem.tine.no. Der får du ei fin oppsummering av kalvar født, dødfødte, kreperte/sjøldaue og avliva siste året. Her finn du fordeling av kalvingar på kviger og kyr og kjønn på kalven. Du finn au oversikt over behandlingar for dei vanlegaste sjukdommane hjå kalv.